Personvern

Dag og Tid tek personvernet ditt på alvor. Denne erklæringa forklarar kva personopplysningar vi samlar inn, kvifor vi samlar dei inn, korleis vi brukar dei, kven som behandlar dei på vegner av oss, og kva rettar du har.

‍

1. Kva personopplysningar vi samlar inn

Vi lagrar dei opplysningane som er naudsynte for å

  • levere papiravisa og gi tilgang til e-avisa og appen
  • sende faktura og administrere abonnementet ditt
  • gi deg aktuelle tilbod om tenestene våre

Vi registrerer:

  • namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • fødselsdato
  • kjønn
  • kjøps- og fakturahistorikk
  • bruk av dei digitale tenestene våre (kva artiklar du les, lyd du høyrer på og liknande), dersom du ikkje har reservert deg mot det
  • kva annonse du kom frå (kode for annonseklikket), dersom du har godteke marknadsføringsnettkapslar
  • vala du har gjort i innstillingane for nettkapslar

Du kan sjå og oppdatere opplysningane dine på Sida mi eller ved å kontakte oss.

‍

2. Kva vi brukar opplysningane til

  • Levering: sikre at du får papiravisa, e-avisa, appen eller andre tenester du abonnerer på.
  • Fakturering: handtere betalingar og fakturahistorikk.
  • Marknadsføring: sende deg tilbod, nyheitsbrev og informasjon om produkta våre.
  • Analyse og tilpassing: forstå korleis tenestene blir brukte, slik at vi kan forbetre dei og tilpasse det du ser til abonnementet og interessene dine.
  • Måling av annonsar: forstå kva annonsar som fører til kjøp.

Vi lagrar berre opplysningar som er naudsynte for desse føremåla, og tilgangen er avgrensa til medarbeidarar som treng dei i arbeidet sitt.

‍

3. Bruk av kunstig intelligens

Til analyse og til utvikling av dei digitale tenestene våre brukar vi KI-verktøy frå Anthropic (Claude) og OpenAI (ChatGPT). Det inneber at opplysningar frå kunderegisteret vårt – som namn, kontaktopplysningar, fødselsår, postnummer, abonnementstype og kjøps- og brukshistorikk – kan bli behandla av desse leverandørane på vegner av oss.
‍

Dette skjer innanfor desse rammene:

  • Anthropic og OpenAI er databehandlarar og behandlar opplysningane berre etter instruks frå Dag og Tid, regulert av databehandlaravtalar.
  • Opplysningane blir ikkje brukte til å trene KI-modellar.
  • Behandlinga skjer på serverar i USA. Overføringa er sikra gjennom EU sine standardavtalevilkår (SCC), og begge leverandørane er sertifiserte under EU-U.S. Data Privacy Framework.
  • Vi deler berre dei opplysningane som trengst for det aktuelle føremålet.
  • KI-verktøya tek ikkje avgjerder som har rettsverknad for deg.

Har du reservert deg mot analyse og tilpassing (sjå punkt 9), blir opplysningane dine ikkje behandla med KI-verktøy.

‍

4. Juridisk grunnlag

  • Oppfylling av avtale: levering av abonnement og fakturering.
  • Samtykke: marknadsføring, nyheitsbrev og bruk av informasjonskapslar som ikkje er naudsynte, og deling av annonseklikk og kjøp med annonseplattformer.
  • Berettiga interesse: analyse og tilpassing for å forbetre tenestene våre, og handtering av tips og gåveabonnement. Du kan når som helst reservere deg mot behandling som byggjer på berettiga interesse.

‍

5. Kor lenge vi lagrar opplysningane

  • Opplysningar knytte til abonnementet blir lagra i 12 månader etter at abonnementet er avslutta, med mindre du ber oss slette dei før.
  • Opplysningar som trengst til bokføring, blir lagra så lenge bokføringslova krev.
  • Bruksdata frå dei digitale tenestene blir lagra i inntil 12 månader.
  • Koden for annonseklikket blir sletta 90 dagar etter kjøpet.

‍

6. Databehandlarar

For å levere tenestene våre brukar vi underleverandørar som behandlar personopplysningar på vegner av oss. Vi har databehandlaravtale med kvar av dei.

‍

  • MediaConnect – abonnementssystem og fakturering
  • HubSpot – kunderegister, e-post og marknadsføring
  • Google (BigQuery, Google Analytics) – lagring og analyse av abonnent- og bruksdata
  • Anthropic (Claude) – KI-assistert analyse og utvikling, sjå punkt 3
  • OpenAI (ChatGPT) – KI-assistert analyse og utvikling, sjå punkt 3
  • Vipps og ConnectID – innlogging
  • Meta, Google Ads og Snapchat – annonsering og måling av annonsar, sjå punkt 7
  • InsightOne/Iper – segmentering og adressevask
  • Make.com og Hightouch – dataflyt mellom systema våre
  • Heap – analyse av bruk på nettsida
  • Sakari og ClickSend – SMS-utsending
  • ‍

    ‍

    Nokre av desse behandlar opplysningar utanfor EU/EØS. Slik overføring er sikra gjennom EU sine standardavtalevilkår eller EU-U.S. Data Privacy Framework. Vi har som mål at all datalagring- og prosessering skal skje i Europa, helst i Norden.

    ‍

    8. Måling av annonsar

    Når du kjem til nettstaden vår frå ein annonse, lagrar vi ein kode for annonseklikket, dersom du har godteke marknadsføringsnettkapslar. Kjøper du abonnement, sender vi koden og opplysningar om kjøpet (tidspunkt og pris) til annonseplattforma annonsen kom frå: Google, Meta (Facebook og Instagram) eller Snapchat. Vi sender ikkje namn, e-postadresse eller telefonnummer. Formålet er å måle kva annonsar som fungerer. Plattformene er sjølvstendig ansvarlege for korleis dei sjølve brukar opplysningane, og deira personvernerklæringar gjeld for det.

    ‍

    ‍

    9. Rettane dine

    • Innsyn: du kan sjå kva vi har lagra om deg på Sida mi eller ved å kontakte oss.
    • Retting: om noko er feil, kan du be oss oppdatere opplysningane.
    • Sletting: du kan be oss slette opplysningane dine, så langt det ikkje strir mot lovpålagde krav.
    • Dataportabilitet: du kan få opplysningane dine utleverte i eit maskinlesbart format.
    • Reservasjon: du kan reservere deg mot marknadsføring og mot analyse og tilpassing, sjå punkt 8.
    • Klage: du kan klage til Datatilsynet om du meiner vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket.

    Førespurnader sender du via Sida mi eller på e-post til oss.

    ‍

    10. Reservasjon mot analyse og tilpassing

    Du kan når som helst reservere deg mot at opplysningane dine blir brukte til analyse og tilpassing. Det gjer du på Sida mi, via lenka i e-postane våre eller ved å kontakte oss.

    Når du har reservert deg, blir opplysningane dine berre behandla for å levere tenesta du abonnerer på, fakturere deg og oppfylle lovpålagde krav. Dei blir ikkje brukte til analyse, tilpassing eller behandling med KI-verktøy, og bruksdata frå dei digitale tenestene blir ikkje registrerte på deg.

    Marknadsføring kan du reservere deg mot uavhengig av dette, via cookie-innstillingane, avmeldingslenka i e-postane våre eller ved å kontakte oss.

    ‍

    11. Sikkerheit

    Vi har tekniske og organisatoriske tiltak for å verne opplysningane dine mot uautorisert tilgang, og vi går regelmessig gjennom tryggingsrutinane våre. Tilgangen til kunderegisteret er avgrensa til medarbeidarar som treng det i arbeidet sitt.

    ‍

    12. Vi sel ikkje opplysningane dine

    Vi sel ikkje personopplysningar til tredjepart. Loggfiler og anonymisert statistikk blir heller ikkje selde eller delte utanom det som følgjer av punkt 6.

    ‍

    13. Kontakt

    Har du spørsmål om personvern eller vil utøve rettane dine, kan du kontakte oss på tinging@dagogtid.no.

    ‍

    Sist oppdatert: 31. oktober 2026

    ‍