DAG OG TID er ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk – 
og den einaste riksavisa på nynorsk.


I avisa kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål – og meldingar av bøker, musikk, film og teater.

På berre fem år har vi fått nesten 25 prosent fleire abonnentar. Opplaget er 15 093 i dag.

Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg.

Endringane i medielandskapet gjer òg at DAG OG TID blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. DAG OG TID har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane.

DAG OG TID fekk Fritt Ord-prisen 2017 for «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg på alvor».

Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av DAG OG TID.

Prøv avisa du òg!

dagleg leiar og ansvarleg redaktør
81 %

av det norske avisopplaget tilhøyrer eit konsern. 

DAG OG TID har ca. 900 småeigarar og er partipolitisk ubunden.

Alt overskotet går til å laga ei god avis.

Verdiane våre

Her er nokre av dei redaksjonelle verdiane vi arbeider etter når vi lagar avisa.

På fritt grunnlag

Vi skal ta opp vanskelege og kontroversielle tema på fritt grunnlag. Vi skal aldri vera redde for å leggja fram fakta, sjølv om dei kan misbrukast av meiningsmotstandarar.

Dempe konfliktskapande språk

«Sparka, vraka, slakta, rasa» – språket skal oppklara, ikkje spissa motsetnader. Vi har eit ansvar for å få fram nyansane i sakene vi skriv om.

Flinke folk

DAG OG TID skal dyrka fram særmerkte røyster. Vi har mange skribentar med ulike meiningar i avisa. Journalistane får tid og rom til å skriva om aktuelle tema.

Absolutt skilje mellom journalistikk og reklame

Samanblandinga av reklame og redaksjonelt innhald er eit trugsmål mot truverdet til pressa.  DAG OG TID er heilt fri for såkalla «content marketing», altså reklame som ser ut som redaksjonelt stoff.

Skribentane våre

Brit Aksnes

Skribent, frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid

Sigbjørn Apeland

Musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid

Pål H. Bakka

Statsvitar, fyrstebibliotekar ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid

Ane Tusvik Bonde

Statsvitar, menneskerettsforkjempar og fast skribent i Dag og Tid

Sjur Haga Bringeland

Musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid

Ingvild Bræin

Nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid

Maren Bø

Idrettspedagog og frilansskribent. Ho skriv spalta «Sport før og no» i Dag og Tid

Tor Martin Bøe

Skriv om populærmusikk i Dag og Tid

John Peter Collett

Professor i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid

Astrid Sverresdotter Dypvik

Rådgjevar i tankesmia Agenda, forfattar og fast skribent i Dag og Tid

Kristin Fridtun

Norrønfilolog. Skriv spalta «Ord om språk»

Randi Fuglehaug

Fast skribent på «Innsida»

Eva Furseth

Kunsthistorikar og fast skribent i Dag og Tid

Ottar Fyllingsnes

Frilansjournalist og tidlegare fast tilsett i Dag og Tid

Ottar Grepstad

Fast skribent i Dag og Tid

Atle Grønn

Fast skribent i Dag og Tid, professor i russisk ved Universitetet i Oslo og internasjonal meister i sjakk

Oddmund Hagen

Forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid

Bernt Hagtvet

Professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid

Siri Helle

Agronom og journalist. Skriv kvar veke spalta «Frå matfatet» i Dag og Tid

Cecilie Hellestveit

Statsvitar og jurist og fast skribent i Dag og Tid

Arne Hjeltnes

Skriv spalta «Innsida» i Dag og Tid

Ragnar Hovland

Forfattar og fast skribent på «Innsida» i Dag og Tid

Harald Dag Jølle

Forfattar og historikar ved Norsk Polarinstitutt, skriv fast i spalta «Friluftsliv» i Dag og Tid.

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar og fast skribent i Dag og Tid

Jan H. Landro

Journalist og fast skribent i Dag og Tid

Lars Mossefinn

Lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid

Naïd Mubalegh

Lærar og fast skribent i Dag og Tid. Skriv spalta «Fugleperspektiv»

Mona Louise Dysvik Mørk

Kunsthistorikar, lektor, musikar og fast skribent i Dag og Tid

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Professor i lesevitskap emeritus ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid

Arve Nilsen

Veterinær og forskar og fast skribent i Dag og Tid

Dagfinn Nordbø

Tekstforfattar og satirikar. Skriv spalta «Matmonsen»

Hallgeir Opedal

Journalist og forfattar

Øyvind Pharo

Forlagsredaktør og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Håvard Rem

Forfattar, lyrikar og skribent i Dag og Tid

Kaj Skagen

Forfattar og fast skribent i Dag og Tid

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er forfattar, teolog og fast skribent i Dag og Tid

Erlend Skjetne

Fast skribent i Dag og Tid og skjønnlitterær forfattar

Haldor Slettebø

Spesialist i nevrokirurgi. Skriv spalta «Medisinsk»

Erik Solheim

Erik Solheim skriv om restaurering i Dag og Tid

Ronny Spaans

Professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid

Odd W. Surén

Forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid

Morten Søberg

Generalsektretær for Bitcoinpolitisk Institutt Norge og fast skribent i Dag og Tid

Jan Inge Sørbø

Professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid

Per Thorvaldsen

Fast skribent i Dag og Tid og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

Halvor Tjønn

Journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid

Håkon Tveit

Lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid

David A. Tørre

Landets mest meritterte juniorkvissar og fast kvissmeister i Dag og Tid

Stein Urheim

Musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid

Hilde Vesaas

Lektor, forfattar, skribent og fast bokmeldar i Dag og Tid

Vidar Ystad

Journalist og fast skribent i Dag og Tid

Redaksjonen

Sed ut perspiciatis unde omnis iste natus error sit voluptatem accusantium doloremque laudantium, totam rem aperiam, eaque ipsa quae ab illo inventore veritatis et quasi architecto beatae vitae dicta sunt explicabo.

En avis med høgare ambisjonar enn å få deg til å klikke.

Vekeavisa du kan lytte til.

Lydartiklar


Det passar ikkje alltid å setje seg ned med avisa. Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som du kan lytte til medan du gjer noko anna.

I utgangspunktet er det forfattaren sjølv som les. Slik får lydartikkelen eit personleg preg. Vi brukar òg profesjonelle innlesarar.

Lytt til eit døme her:

Lytt til dei nyaste lydartiklane

Prøv gratis med automatisk stopp

Prøv gratis